LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Postdoktor i organisk syntese / medisinalkjemi

Søknadsfrist: 12.05.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Postdoktorstilling 

Ved Kjemisk institutt er det ledig ei stilling som postdoktor i organisk syntese/medisinalkjemi. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og finansiert av Universitetet i Bergen.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Fagområdet for stillinga er syntetisk organisk kjemi/medisinalkjemi. Målet med prosjektet er å syntetisere forbindelsar med antimikrobiell aktivitet som kan dekomponere under lys til fragmenter som ikkje har antimikrobiell aktivitet. Prosjektet er en vidareføring av tidlegare arbeid basert på forbindelsar basert på vår etanolamin kjemi. Metodeutvikling og kjemisk analyse vil også være en sentral del av prosjektet for å blant annet kartlegge fotokjemiske nedbrytningsprodukter. Den som vert tilset vil bli involvert i undervisninga på instituttet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor syntetisk organisk kjemi eller medisinalkjemi. Ph.d.-studentar kan søkje dersom disputas er gjennomført innan 1. september. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå bruk av moderne analyse instrumenter, inkludert opptak og tolking av NMR-spekter (inkludert todimensjonale NMR-teknikkar) er eit krav.
  • Erfaring frå multitrinns syntese er ein fordel.
  • Erfaring frå metallorganiske reaksjonar er ein fordel.
  • Erfaring frå arbeid under inert atmosfære og tørre vilkår er ein fordel.
  • Erfaring frå undervisning er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til tre år og tre månader. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 615 700 (tilsvarande lønssteg 63). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd doktorgrad. Doktorgraden må vere dokumentert med vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad, innan 01.09.2024.
  • relevante attestar
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Magne Sydnes, e-post: magne.sydnes@uib.no

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Anna Folgerø, e-post: anna.folgero@uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS