blond voksen dame som holder adoptert barn i hånden. Bare barnet ser i kamera.

NIBR-forskar med i utval som granskar utanlandsadopsjonar

Regjeringa har oppnemnt eit utval som skal granske utanlandsadopsjonar. Anne Balke Staver, forskar ved NIBR på OsloMet, er ein av medlemmene.

Utgangspunktet for granskinga er opplysningar som har kome fram i andre land og opplysningar i media om svært alvorlege forhold i utanlandsadopsjonar frå enkeltland til Noreg.

– Granskinga blir omfattande og skal omhandle alle land som Noreg har hatt adopsjonssamarbeid med. Eg forventar at granskinga vil gi grundige og gode svar. Eg vil ha fram i lyset kva som har skjedd, og om systemet for utanlandsadopsjon har vore forsvarleg, sig barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) i regjeringa si eiga pressemelding om utvalet.

Det overordna føremålet med granskinga er å få svar på om det har vore ulovlege eller uetiske forhold i samband med utanlandsadopsjonar til Noreg.

– Det er eit utruleg spennande og viktig oppdrag å få vere med å løyse, seier NIBR-forskar Anne B. Staver.

Ho er statsvitar, med doktorgrad frå University of Toronto   innanfor samanliknande offentleg politikk. Doktorgrada hennar undersøkte utviklinga av strengare reglar for familieinnvandring i Danmark, Noreg og Storbritannia.

Stavar forskar på inntektskrav i innvandrings- og integreringspolitikken frå 1980-talet og framover, og dessutan europeisk asylpolitikk og mottak av flyktningar, og underviser i internasjonal migrasjon og migrasjonspolitikk.

By- og regionsforskingsinstituttet NIBR ved Oslomet har også forska på utanlandsadopterte – sist om erfaringane deira med diskriminering og rasisme.

I rapporten frå 2021 kom det fram at halvparten av utanlandsadopterte i Noreg har opplevd forskjellsbehandling på grunn av utsjånad eller adoptivbakgrunn (oda.oslomet.no), og at rasisme, diskriminering og forskjellsbehandling mot utanlandsadopterte er utbreidd i Noreg, særleg på jobb, skule og i offentlege rom.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 21.06.2023 | Tone C. S. Thorgrimsen