To kvinner snakker sammen ved et bord

Ny bok vil avmystifisere intervjuet som metode

Eit intervju kan likne ein vennskapeleg samtale, seier forfattarane Bengt Andersen og Joar Skrede. Hovudbodskapen deira til studentar er at det går bra å intervjue!

Forfattarane lurer begge ofte på ting som dei må snakke med folk for å finne ut, og no har dei skrive ei metodebok om intervju saman (cappelendamm.no).

– Det mangla ei bok om det å intervjue, seier Bengt Andersen, forskar ved Arbeidsforskningsinstituttet AFI, OsloMet. 

Dette er ein praktisk rettleiar, ei empirisk bok med mange døme, og ikkje ein vitskapsteoretisk gjennomgang av metoden, seier han.

Vi ønskjer å avmystifisere intervjuet, og dempe studentars frykt for å prøve seg på denne metoden. Eit intervju kan likne ein vennskapeleg samtale og dialog. – Bengt Andersen, forskar ved Arbeidsforskningsinstituttet AFI, OsloMet

Mange spørsmål krev samtalar, og ikkje spørjeskjema

Forskarduoen har tidlegare mellom anna forska på kva folk synest om Mosselukta, emosjonelle reaksjonar på fortetting i bustadområde, og kva folk kjende og tenkte då dei såg ein spesiell Block Wathne-reklame på T-banen i Oslo for ei tid sidan. 

Den reklamen prøvde å freiste barnefamiliar ut av byen med lovnader om større plass – og implisitt betre oppvekstsvilkår.

– Gitt dei temaa vi forskar på, og dei emosjonelle reaksjonane vi er ute etter å fange og forstå, så er det mykje betre å snakke med folk enn å lese kommentarfelt, seier Bengt.

Det er mykje betre å snakke med folk enn å lese kommentarfelt. – Bengt Andersen, forskar ved Arbeidsforskningsinstituttet AFI, OsloMet

Medan Skrede er sosiolog, er Andersen sosialantropolog, ein fagtradisjon som tradisjonelt utfører lange feltarbeid i forskinga si, gjerne eitt år eller meir. 

Det er sjeldan rom for å utføre lange antropologiske feltarbeid i prosjekta våre, som ofte er for korte, noterer han.

– Men eit intervju kan likne ein feltsamtale, altså ein meir uformell, langvarig utveksling der du kan få vite kva folk tenkjer og kjenner om ulike tema.

Ønsker å inspirere

Boka er kort og konkret, og skriven i eit enkelt språk. Den inneheld fleire døme, mellom anna frå arbeidet til ein masterstudent og oppgåva hennar. 

Forfattarane intervjua henne om korleis ho førebudde seg og jobba undervegs, og korleis ho i etterkant jobba systematisk med svara ho fekk. 

– Du kan sitje igjen med eit overveldande materiale etter fleire intervju. Vi viser deg korleis du kan systematisere det. Gjennom koding av funna dine kan det også dukke opp nye problemstillingar, som er spennande, seier Andersen.

Vi håpar boka blir eit godt verktøy og ei inspirasjonskjelde for studentar og andre som skal intervjue. – Bengt Andersen, Arbeidsforskningsinstituttet AFI, OsloMet.

Boka går også igjennom nokon avgrensingar – når er det til dømes ikkje så fruktbart å intervjue? Og kva slags kunnskap er det vanskeleg å få gjennom denne metoden?

Forskarane håpar boka kan bli eit godt verktøy og ei inspirasjonskjelde for studentar og andre som skal intervjue. 

– Boka er eit praktisk verktøy for å lære seg det akademiske handverket det er å intervjue. Andre bøker på marknaden er meir teoretiske. Hovudbodskapen vår til studentar er at det går bra å intervjue! 

Inneheld mange praktiske tips

Forfattarane gjer ofte det dei kallar semi-strukturerte intervju , der forskarane har notert seg nokre hovudtema dei ønskjer å komme igjennom, men inga bestemde rekkjefølgje. 

– I slike intervju er det rom for å la samtalen springe i tråd med den som blir intervjua sine interesser og anekdotar, seier Andersen.

Nokre reglar om forskingsetikk må studenten likevel kunne, seier han. Og å lære forskjellane på eit intervju og ein samtale med ein venn:

– Viss du ønskjer å lære kva ein person verkeleg meiner om ulike tema, kan du til dømes ikkje openlyst fordømme eller erte den du intervju, slik du kan med ein nær venn.

Eit døme på praktiske døme i boka, er tips om påkledning. Viss du skal intervjue ein person i ei formell stilling, lønner det seg å kle seg formelt, seier forskaren. 

– Det handlar om å skape tillit og leggje til rette for ein god samtale. 

Kva for nokre andre førebuingar gjer forskaren?

– Det lønner seg å kunne temaet godt, og kunne intervjuguiden du har laga. Nokre spørsmål vil kanskje endre seg undervegs, men du skal vite kvar du siktar hen. Og vêr ute i god tid! avsluttar Andersen.

Kontakt

Laster inn ...
Publisert: 01.11.2023 | Nina Alnes Haslie