English version of this page

NORMENT har flytta forskingsfronten

Norsk senter for forskning på mentale lidelser (NORMENT) har gjennom sine ti år som Senter for framifrå forsking (SFF) vore eit samlingspunkt for kunnskapsutvikling og kapasitetsbygging. Senterets verksemd vil fortsette i årene framover.

Bilde av leiargruppa ved NORMENT

Leiargruppa ved NORMENT. Frå venstre: Nestleiarar Vidar M. Steen og Ingrid Melle, avdelingsleiar Christine Lycke Brandt og senterleiar Ole Andreassen. Foto: Åsne Rambøl Hillestad, UiO 

I løpet av 2023 avsluttar Norsk senter for forskning på mentale lidelser (NORMENT) sine ti år som Senter for fremragende forskning (SFF). Det blei markert med eit stort avslutningsseminar i Oslo 8. juni.

Forskningsrådet har løyva 175 millionar norske kroner til senteret gjennom SFF-ordninga. I tillegg har senteret fått tildelt heile 500 millionar gjennom andre tildelingar av forskingsmidlar og private donasjonar.

– Senterløyvinga frå NFR har hatt ei stor betyding for forskinga ved NORMENT. Den har gjort det mogleg å utvikle avansert forskingsinfrastruktur og tiltrekkje oss dei beste forskarane innan dei ulike områda. Vi har vore svært produktive og drevet banebrytande tverrfagleg forsking på alvorlege psykiske lidingar, seier senterleder og professor Ole Andreassen. 

– Eg vil gjerne takke alle som har vore involverte i NORMENT, inkludert deltakarar i studiane og partnarane våre i innland og utland. Det har vore nokre fantastiske ti år og ei stor glede å samarbeide med dykk alle, legg han til.

Senterets forskarar har drive banebrytande forsking innan psykiske lidingar 

Forskingsmiljøa ved NORMENT har hatt stor betyding for at vi har fått meir kunnskap om alvorlege psykiske lidingar som schizofreni og bipolare lidingar. 

Gjennom senterets ti år som SFF har forskarar ved NORMENT publisert nesten 1500 vitskapelege publikasjonar, derav ein stor del i høgt rangerte tidsskrift. 

NORMENTS forskarar har bidratt til å flytta forskingsfronten innan fleire område. Dette har dei gjort gjennom blant anna studiar basert på databasar og biobankar samla frå fleire titals tusen menneske i tillegg til nyskapande metodar som sjølvevaluering av symptom og matematiske modellar. 

Har oppdaga genar som aukar risikoen for alvorlege psykiske lidingar 

Dei fire hovudforskingsområda ved senteret har vore genetikk, hjerneavbilding, sjukdomsutvikling og klinisk intervensjon. Senteret har oppdaga fleire genar som aukar risikoen for alvorlege psykiske lidingar, og korleis slike genar overlappar med tenking og kroppslege sjukdomar. 

Forskarane har også funne mekanismar for utvikling av hjernens struktur og nettverk, og studert stamcellemodellar og rolla til immunsystemet. Dei har vidare avdekka miljøfaktorar som påverkar sjukdomsforløp, slik som bruk av rusmiddel og tidlege traume.

Bilde av DNA molekyl
DNA er arvestoffet som fins i alle celler. DNA har form som ein lang, dobbelttråd heliks kor gena ligg etter kvarandre på rekke. Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

Internasjonale forskarnettverk har mogleggjort mykje av forskinga 

Mykje av forskinga ved NORMENT har vore mogleggjort gjennom deltakelsen i ulike internasjonale konsortia og forskarnettverk. Dette har gjort det mogleg å dele data slik at forskarane har kunne gjennomføre studiar med store datasett. 

Dei store datasetta har blant anna vore avgjerande for den nye kunnskapen om korleis genetiske variantar kan auke risikoen for å utvikle alvorlege psykiske lidingar. 

– Mykje av innsikta frå NORMENT har vorte til gjennom dei internasjonale nettverka og datadeling. Det krev ein ekstra innsats, men mogleggjer forsking som elles ikkje hadde vore mogleg, seier forskar ved NORMENT, Tobias Kaufmann. 

NORMENT har skapt eit miljø som lar forskarar vekse 

NORMENT har dei siste åra hatt meir enn 200 forskarar, og heile 60 personar har så langt avlagt sin doktorgrad ved senteret. Fokus på rekruttering av dei mest talentfulle forskarane og eit eige karriereutviklingsprogram for yngre forskarar har bidratt til dette.

Sjølv starta Kaufmann ved NORMENT som ung forskar og er ein av dei mange forskarane som har nytt godt av satsinga. 

– NORMENT har bygga opp eit tverrfagleg kompetansesenter kor det er lav terskel for å kommunisera med kvarandre. Senteret har også skapt ein delingskultur og eit miljø som lar forskarar vekse, legg han til.

Forskinga kjem pasientar med alvorlege psykiske lidingar til gode 

NORMENTs forsking har heile tida hatt pasientar med alvorlege psykiske lidingar i sentrum. Det eine av dei fire hovudforskingsområda omhandlar nettopp forsking på ulike behandlingar. 

– Det har vore svært viktig at forskinga vår har betyding for klinisk arbeid i sjukehus og andre behandlingsstader for pasientar med alvorlege psykiske lidingar, seier Ole Andreassen. 

Senteret har drive engasjert formidling av kunnskap gjennom sosiale media, nyheitsbrev og opne møter kor pasientar, pårørande, helsepersonell, avgjerdstakarar og befolkninga har vore velkomne.   

Vidare har NORMENT hatt eit særskilt fokus på brukarmedverknad med to eigne konsulentar som representerer brukarperspektivet. Dei har vore aktive i rådgjeving, vore med i planlegging av studiar og har hjelpt til med formidling.

NORMENT i framtida 

Sjølv om NORMENTs periode som SFF er over, vil senteret halde fram i ei anna form. 

– Vi skal no sjå framover på NORMENT etter 2023. Senterets forsking vil halde fram også dei komande åra, seier Ole Andreassen. 

I løpet av åra har senteret bygd opp ein stor database og biobank med forskingsdata og biologiske prøvar frå personar med og utan alvorleg psykisk liding. 

– Dataene vil verte varetatt og vidareført gjennom infrastrukturen NORMENT 2050, slik at dei kan verte brukt i forskingsprosjekt også i framtida , og bidra til å auke kunnskapen om psykiske lidingar, fortel han vidare. 

Bilde av Ole Andreassen under avslutningsseminaret
Professor og senterleiar Ole Andreassen ønska velkomen til avslutningsseminaret. Han fortalde blant anna at NORMENT nå ser framover og skal halde fram i ei anna form i årene som kjem. Foto: Åsne Rambøl Hillestad, UiO

UiO: Eit solid fundament og betydelege bidrag til forskingsfeltet

NORMENTs leiing, forskarar og administrative stab får gratulasjonar frå mange hald i forbindelse med avslutninga som SFF. Dei tre partnarane Oslo universitetssjukehus, Universitetet i Bergen og Haukeland universitetssjukehus er blant dei som gratulerer. 

Viserektor for forsking og innovasjon ved UiO, Per Morten Sandset, har følgt NORMENT gjennom si periode som SFF. Han understrekar betydinga senteret har hatt. 

– Det har vore ei fantastisk reise og det dykk har oppnådd er utruleg. NORMENT har skapt eit solid fundament for fleire spennande initiativ og har gitt betydelege bidrag til forskingsfeltet på alvorlege psykiske lidingar. På UiO verdset me tverrfagleg forsking, dette har dykk fått til ved NORMENT. På vegne av rektoratet ved UiO vil eg takke kvar og ein av dykk som har bidratt til å gjere senteret til ein så stor suksess, seier han. 

NFR: Eit imponerande senter og eit eksempel å følgje

Direktør for helseforsking og helseinnovasjon ved NFR, Ole Johan Borge, vektlegg at NORMENT er eit eksempel som andre forskingssenter kan følgje.   

– Vi er alle imponerte over arbeidet dykkar. For å få tildelt midlar til eit SFF, må du vere den beste, uavhengig av forskingsfelt. Du må også ha vidare ambisjonar enn det. NORMENT har innfridd alle våre forventningar. NORMENT er eit imponerande senter som er godt organisert, ekstremt produktivt og som fremmar tett samarbeid internt og internasjonalt. I mellomevalueringa fekk NORMENT den høgaste rangeringa som er mogleg og er eit eksempel å følgje, seier han, og fortsett: 

– Takk til alle saman for dykkar dedikasjon og arbeid. Eg vil også takke deg, Ole Andreassen, for å ha ledet senteret og for å ha snakka om forskinga på ulike arenaer, det er viktig.

Kontakt

Les mer

Emneord: NORMENT, psykiske lidelser, SFF, Ole Andreassen Av Elin Martine Doeland
Publisert 28. juni 2023 11:23 - Sist endret 6. feb. 2024 16:11