Mopedbil-erfaring gir fleire fordelar

Mopedbil parkert ute foran fjord
Mopedbil-erfaring gir fleire fordelar
Dei går sakte og bidreg ofte til lange køer. Det er difor ikkje berre begeistring over at talet på mopedbilar har eksplodert i Noreg. Trafikkforskarar peikar likevel også på fleire fordelar.

– Det kan gje ei falsk tryggleik å sitje i ein mopedbil. Dei er ofte laga av plast og glasfiber og er utsette for store påkjenningar ved ein kollisjon. Det er feil å seie at det er trygt. Ein mopedbil kan gje falsk tryggleik i og med at du sit inni noko.

Det seier førstelektor Jan Petter Wigum. Han er trafikkforskar ved Nord universitet i Stjørdal, og jobbar mellom anna med å utdanne framtidas trafikklærarar.

Sjølv om det er fleire utfordringar knytt til at talet på mopedbilar no aukar i Noreg, er han klar på at dei også fører med seg noko positivt for dei unge trafikantane.

– Mange trafikklærarar som har undervist i denne klassen, og som da får igjen dei same elevane i vanleg bil etterpå, seier at sjåførar med mopedbil-erfaring blir fantastisk dyktige til å samhandle i trafikken. Det kjem av at dei allereie har skapt seg eit breitt og stort erfaringsgrunnlag, seier Wigum.

Mannleg forskar ute framfor stor bygning
Trafikkforskar: Jan Petter Wigum er førstelektor ved Nord universitet si trafikklærarutdanning i Stjørdal. Foto: Adrian Svendsen Bensvik.

Konsekvensar for opplæringa

Den eksplosive veksten i talet på mopedbilar i Noreg gjer at også trafikklærarutdanninga må tilpasse opplæringa.

– Det har vore ganske få nye førarkort til mopedbil i året. No ser vi likevel at det har vokse såpass mykje at vi er nødd til å endre undervisninga vår. Vi må rigge studentane til å bli betre i stand til å utføre god undervisning også på dette kjøretøyet. Ein trafikklærar som underviser i vanleg personbil, kan også undervise i mopedbil, seier han.

For interessa for desse firehjulingane har tatt helt av dei siste åra. Ifølgje Mopedbil Norge var det mellom 2 – 3 000 mopedbilar på vegane i Noreg i april i år. I 2022 selde dei rundt 500 mopedbilar til sine forhandlarar, noko som var ei auking på 25 prosent frå året før.

Den kraftige auka av mopedbilar i trafikken blir likevel ikkje møtt med ubetinga glede. Med ei toppfart på 45 kilometer i timen er det ikkje til å kome unna at dei bidreg til mykje kø langs vegane. Storleiken på mopedbilane gjer det heller ikkje enkelt å gjere forbikøyringar.

Mopedbil parkert ute under blå himmel
Populær doning: Ifølgje Mopedbil Norge var det mellom 2 – 3 000 mopedbilar på vegane i Noreg i april i år. Foto: Adrian Svendsen Bensvik.

Lovendring i 2019

– Fram til 2019 var mopedbil eit kjøretøy i stor grad forbeholdt eldre på bygda. Men i 2019 vart alderskravet redusert frå 18 til 16 år. Da vart det ein renessanse for nysal av desse, fortel Wigum.

Fram til 2019 var alternativa for ein 16-åring berre ein tohjuls moped eller ein lett motorsykkel. No fekk dei plutselig eit kjøretøy som liknar på ein bil utseendemessig, og som i tillegg kan brukast gjennom heile året. Det førte ifølgje Wigum til ei voldsom auke i opplæringa av klasse AM147.

– At aukinga skulle bli så voldsom er likevel litt merkeleg, for det er tross alt eit kjøretøy som er ganske dyrt. Dei fleste kostar mellom 200 000 og 250 000, og dei skal i hovudsak berre brukast frå dei er 16 til dei er 18 år gamle, da mange tek førarkort klasse B. Samtidig bruker dei den ikkje opp i løpet av to år, så det er jo eit andregangsmarked her, seier Wigum.

Stadig fleire ulukker med mopedbilar involvert

Sjølv om erfaring som mopedbil-sjåfør gir deg fordeler seinare, er det ikkje til å kome unna at utfordringane også er fleire. Stadige oppslag om trafikkulukker med mopedbilar involvert ser ut til å auke, og som mopedbilsjåfør kan du fort kjenne på ei falsk tryggleik ettersom du føler at du sit i ein vanleg personbil.

– A-stolpen på ein bil er ei konstruksjon som skal bidra til mindre konsekvensar om ulukka skulle være ute. På ein mopedbil derimot er same stolpe av eit heilt anna og langt svakare materiale. Når vi da samstundes veit at fleire mopedbilar blir trimma for å auke hastigheita til meir enn 45 km/t, vil følgjene ved ei ulukke fort bli fatale.

I tillegg har du utfordringar knytt til forbikøyring og tungtransport. Det fortel universitetslektor Zymer Gela.

– Vi har fleire gonger opplevd at 16-åringane kanskje ikkje stoppar langs vegen for å sleppe fram annan trafikk. Det har fleire gonger ført til farlege og risikofylte forbikøyringar, seier Gela.

– Samtidig er mitt inntrykk at slike scenarioer har eit fokus i mopedbilopplæringa blant trafikklærarar i bransjen.

Tett på utviklinga: Førstelektor Jan Petter Wigum og universitetslektor Zymer Gela ved Handelshøgskolen, Nord universitet. Foto: Adrian Svendsen Bensvik.

Under lupa

Jan Petter Wigum er tydeleg på at dersom det skulle vise seg at det blir ei stor auking i talet på ulukker med mopedbilar involvert, så må ein sjå nærare på område som opplæring og kontrollverksemd.

– Vi har det under lupen, men det er framleis ein for ny klasse for 16-åringar til at vi kan seie noko heilt sikkert om korleis dette eigentleg er. Om opplæringa er god nok eller om åtferda er trygg nok, veit vi ikkje så mykje om enno. Men dette er område vi kunne tenkt oss å gå nærare inn på.

– Eg er ikkje så sikker på at det er kjøretøyet i seg sjølv som er farleg. Men hvis åtferda, slik som dette med trimming, blir slik at ein ikkje klarer å samhandle i trafikken, da kan det bli farleg.

– Kva med haldningane til oss andre i trafikken overfor mopedbilar som fenomen?

– Vi er vande til å tenke «Del vegen» om syklistar. Sånn må vi også tenke overfor denne gruppa, seier Jan Petter Wigum.

Fakta om mopedbilar i Noreg:

  • Mopedbilar er små bilar med to seter registrert som ein firehjuls moped. Dei har ein maksfart på 45 kilometer i timen.
  • I 2022 selde Mopedbil Norge 500 bilar ut til sine dryge 20 forhandlarar i Noreg. Det var ei auke på 25 prosent frå året før.
  • I 2023 kjem vi til å få ei omsetning på over 100 millionar kroner, mot 87 millionar i fjor. Mopedbil Norge anslo i april i år at det er mellom 2-3 000 mopedbilar på vegane i Noreg
    Kjelde: Finansavisen
Kontaktperson