Merethe Roos blir æresdoktor på Uppsala universitet 

Merethe Roos. Foto
ÆRA: Professor Merethe Roos blir utnemnd til æresdoktor på Uppsala universitet i januar 2024. (Foto: Cappelen Damm)

Historieprofessor Merethe Roos på Universitetet i Søraust-Noreg (USN) er utnemnd til æresdoktor på ein av dei sterkaste forskingsinstitusjonane i verda.

September 2023 vart det kjent at Fakultet for utdanningsvitskap på Uppsala universitet (UU) utnemner Merethe Roos til æresdoktor.

Æresdoktor er ein tittel som blir tildelt personar som gjort ein framståande vitskapleg innsats eller på anna vis fremja forskinga ved universitetet.

Meir om æresdoktorar på Uppsala universitet (uu.se)

Få med deg heidersforelesninga

Roos' heidersdoktorforelesing har tittelen: Velferdsstaten sitt utdanningssystem. Sosialdemokrati, luthersk arv og svenske impulsar i etterkrigstida i Noreg.

Forelsninga er ope og finn stad 24. januar 2024, klokka 15.15-17.00 på Universitetet i Uppsala.

– Peiker mot nærare samarbeid

Merethe Roos er professor i historie på Institutt for kultur, religion og samfunnsfag og ein del av forskingsgruppa innan læremiddelforsking. Ho er forfattar av ei rekkje bøker og artiklar som er gitt ut nasjonalt og internasjonalt, og ho har vore redaktør for fleire antologiar.

– Eg er sjølvsagt æra over ei slik utnemning, og dette peikar mot nærare samarbeid mellom USN og Uppsala universitet, så vel som samarbeid i ein breiare internasjonal samanheng. Eg gler meg over høvet til å i større grad kunne fronte USN på den internasjonale arenaen, seier Roos.

«Gedigne vitskaplege prestasjonar»

Universitetet i Uppsala skriv i ei pressemelding at Roos sine erfaringar med å utvikle nye læremiddel for lærarutdanninga, i samarbeid med den djuptgåande kunnskapen hennar innan historiedidaktikk, praktisk metodikk og forsking innanfor utdanningshistorie, har hatt stor verdi for fleire fagområde og utdanningar på deira Fakultet for utdanningsvitenskap.

Frå pressemeldinga: Roos har ei imponerande breidde innanfor fagområda didaktikk, undervising, lærarutdanning, utdanningshistorie, historie og religion. Forskinga hennar spenner frå idéhistorie innan utdanning på 1800-talet til handbøker i praktisk historiedidaktikk. Saman med dei gedigne vitskaplege prestasjonane hennar vitnar dette om ein forskar med stort engasjement og profesjonell kunnskap. Ein kunnskap som òg kjem til uttrykk gjennom dyktig formidling av forsking og undervisning både innanfor og utanfor akademia. 

Laurbærkrans

Sjølve utnemninga skjer under vinterpromosjonen på Uppsala universitetet, 26. januar 2024.

Uppsala universitet blir rekna som eit forskingsuniversitet i verdsklasse, og blir jamleg rangert som eit av dei 100 beste universiteta i verda. Roos går no inn i eit celebert selskap av æresdoktorar på den svenske kunnskapshøgborga, der mellom andre USNs rektor Petter Aasen er inkludert (utnemd i 2012).

– Eg gratulerer Merethe med utnemninga! Ho kan sjå fram til ein høgtideleg seremoni med pomp og prakt på ein akademisk institusjon frå 1477, fortel Aasen.

Æresdoktorane får mellom anna ein doktorring, eit diplom og «Appolons laurbærkrans», i tillegg til forutan tilhøyrsle og talerett på universitetet.

Petter Aasen med laurbærkrans frå Uppsala universitet i 2012. Foto