Ny forskingsleiar for teknologi og samfunn

Middelaldrande kvinne med open bok i hendene. Stabel med fagbøker attmed på eit bord.
Rettleiing i vitskapleg publisering, både i tidsskrift og fagbøker, er blant forskingsleiar Hilde G. Corneliussen sine oppgåver i stillinga som forskingsleiar for teknologi og samfunn.

Hilde G. Corneliussen tok 1. mars over rolla som forskingsleiar for teknologi og samfunn. Det inneber å delta i leiinga av instituttet og rettleie ei gruppe på 10 forskarar i spørsmål knytt til forskingsmetode, vitskapleg publisering og formidling av funn.

Det er ei stor og spennande oppgåve eg har fått. Det er kjekt å bli kjend med instituttet også frå eit leiarperspektiv, og eg ser fram til å vere med og bidra til at Vestlandsforsking også framover kan gje forskarane dei beste vilkåra for arbeidet sitt, seier Hilde G. Corneliussen om stillinga som forskingsleiar for teknologi og samfunn.

Rolla som forskingsleiar eignar seg godt for leiande seniorforskar Hilde G. Corneliussen, som kom til Vestlandsforsking frå Universitetet i Bergen, der ho gjennom 18 år opparbeidde seg erfaring med å rettleie studentar, forske, førelese og formidle kunnskap. Corneliussen tok doktorgraden i humanistisk informatikk ved same universitet i 2003.

Brenn for fleire jenter i IT

I 2013 takka Corneliussen ja til ei forskarstilling ved Vestlandsforsking. Kjernen i forskingsinteressene hennar er teknologi og kjønn. Ho er særleg opptatt av tema som mangfald og inkludering på område som teknologi i utdanning, arbeidsliv, fritid og familie og ho er koordinator for instituttet si undergruppe på området kjønn, mangfald og teknologi.

Kvinne presenterer tema på skjerm framfor publikum på 8. mars.
På kvinnedagen 8. mars, heldt Corneliussen innlegget "Girls are doing IT for themselves" på invitasjon frå IT-selskapet Atea Norge. (Foto: Lise Florvaag, Atea)

I byrjinga av mars besøkte forskingsleiaren København for å snakke til folk frå ulike EU-land som jobbar med rekruttering til realfaga. Temaet var rekruttering av jenter til IT-fag, og invitasjonen kom frå Norsk senter for realfagsrekruttering ved NTNU.

Dei siste fem åra har Corneliussen forska på både kvinner og arbeidsgjevarar innan IT-feltet i Nordwit, eit «Nordic Centre of Excellence» med fokus på kvinner i teknologi-karrierar, og funna vart nyleg delt på ein internasjonal konferanse. 

Dei nyaste forskingsprosjekta hennar dreier seg om både rekruttering til IT-fag i høgare utdanning, innovasjon innan e-helse i kommunesektoren, og risiko for diskriminering når offentleg sektor tek i bruk kunstig intelligens.

Ser fram til å leie kollegaene

Som forskinsleiar skal Corneliussen vere eit samlande punkt for forskarar med nokså ulike tematiske fokus, som stordata og kunstig intelligens, e-helse, regional utvikling og digitale pengar.

Det nærmar seg 10 år sidan eg byrja å jobbe ved VF. Det er godt arbeidsmiljø her og eg har etter kvart blitt godt kjend med alle dei kjekke kollegane og dei mange spennande forskarprofilane vi har her. Det gjer at eg gler meg til å ta til oppgåvene som forskingsleiar, seier Corneliussen.

 

Portrettintervju med Hilde G. Corneliussen: Ein nasjonal posisjon innan kjønn og IT