Ny fjør i hatten for språkforskinga

Førsteamanuensis Vincent DeLuca får prestisjefylt prosjekt frå Senter for grunnforsking for å studere effekten av fleirspråklegheit på hjernen.

Ein mann held ein sprøyte (utan nål) mot hodet til ein som har på seg ei hette med ledningar i.
Førsteamanuensis Vincent DeLuca gjer ein forsøksperson klar til EEG-måling i språklaben. Foto: Jason Rothman / UiT
Portrettbilde av Rydland, Kjetil
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no
Publisert: 01.03.24 14:33 Oppdatert: 04.03.24 13:53
Språk og litteratur

– Vi skal lage teoretiske modellar for korleis det å snakke fleire språk påverkar hjernen og kognisjonen. Det vert eit omfattande prosjekt, men eg gler meg til å setje i gang, seier Vincent DeLuca.

Både teoretisk og empirisk undersøking av fleirspråklegheit

Senter for grunnforsking, som hovudsakleg kallar seg Centre for Advanced Study (CAS), er ein del av Det Norske Videnskaps-Akademi, og dei utnemner toårlege «Young CAS Projects» som skal jobbe med teoretisk grunnforsking. Eit av årets prosjekt går altså til UiT og Vincent DeLuca.

– Dette er ei fantastisk nyheit, først og fremst for Vince og forskingsplanane hans, men òg for forskingsmiljøet vårt i språktileigning og fleirspråklegheit ved UiT, seier Marit Westergaard, som leiar både AcqVA Aurora og C-LaBL, to språkforskingssentre på Institutt for språk og kultur (ISK).

– Dette nye prosjektet er direkte knytt til fleire av forskingsprosjekta som for tida er undervegs i både AcqVA Aurora og C-LaBL (Center for Language, Brain & Learning). Dei tester aspekt ved tospråkleg erfaring og hjernen empirisk, og CAS-prosjektet skal sjå på det frå eit teoretisk perspektiv, seier DeLuca.

Lingvistikk-suksess over tid

Lingvistikk-miljøet hjå UiT har lengje jobba med å kartleggje forholda mellom ulike aspekt ved å være fleirspråkleg (til dømes kor lengje du har brukt fleire språk, kor ofte du høyrer eller bruker fleire språk, kor ofte du byter mellom dei og så bortetter), og korleis det kan påverke hjernestrukturar, funksjonar og nokre kognitive prosessar.

Les meir: Millionar og nytt senter til lingvistikkmiljøet hjå UiT

– Dette prestisjefylte prosjektet som DeLuca no har fått, føyer seg inn i fleire tildelingar til miljøet vårt, til dømes ei lang rekkje MSCA-stipend og C-LaBL, som er finansiert av Trond Mohn Stiftelse og der DeLuca er ein av kjerneforskarane, seier Westergaard.

Skal to månadar til Oslo

Sjølve stipendprosjektet til DeLuca inneber tre idéverkstader (to i Oslo og ein i Tromsø), etterfølgt av eit to månaders forskingsopphald i Oslo, der dei vil gjere det meste av det teoretiske arbeidet.

Les meir: UiT har Noregs beste lingvistikkmiljø

CAS skriv sjølve at dei spent ser fram til å ønskje Vincent velkommen til senteret, og at dei gler seg til å følgje prosjektet over dei neste to åra.

CAS er i hovudsak finansiert av Kunnskapsdepartementet.


Kortnytt fra Institutt for språk og kultur, Fakultet for humaniora, samfunnsvitenskap og lærerutdanning
Rydland, Kjetil kjetil.rydland@uit.no