Til toppjobb i Europa

European Food Safety Authority (EFSA), eit EU-organ som skal bidra til trygg mat og fôr i Europa, har tilbode Carlos Gonçalo das Neves (41) stillinga som deira nye Chief Scientist. Carlos das Neves er i dag direktør for forsking og internasjonalisering ved Veterinærinstituttet.

-Vi gratulerer EFSA og Carlos G. das Neves med utnemninga til ein viktig posisjon i Europa på det som samtidig er eit svært relevant fagområde for oss i Veterinærinstituttet og for Noreg, seier administrerande direktør Torill Moseng.

-Det er sjølvsagt trist at Carlos forlet oss for no, men samtidig håper vi dette vil forsterke partnarskapet Noreg har med EFSA. Vi delar ein felles visjon for ei meir berekraftig framtid for trygg mat og sunne dyr, folk og miljø, fortset Moseng.

Kandidaturet til das Neves har fått støtte av Veterinærinstituttet og Landbruks- og matdepartementet. Den norske og portugisiske statsborgaren starter i sin nye jobb i Parma, Italia 1. november 2022. Sjå pressemelding fra EFSA her.

-Eg er takksam og æra over å få tilbod om stillinga som Chief Scientist i EFSA. Eg vil takke Veterinærinstituttet og alle mine kollegaer for alt eg har lært frå starten min i 2013, og ikkje minst for dei fantastiske profesjonelle og personlege moglegheitene eg har fått og som har lært meg mykje som forskar, leiar og personleg. Dette er erfaringar som utan tvil vil hjelpe meg i møtet med nye utfordringar i Europa, seier das Neves.

Bakgrunn

das Neves er utdanna veterinær med doktorgrad i virologi og vilthelse. Han er kjent blant anna som medlem av sentrale internasjonale fagkomitear som jobbar innan Éin helse, trussel mot biologisk mangfald eller undersøker årsakane til pandemien og korleis førebu verda på eventuelle nye. Han er professor II ved UiT – Noregs Arktiske Universitet og var inntil nylig president i Verdensorganisasjonen for vilthelse og sjukdomar. Hans forskingsområder og undervisning inkluderar dyrehelse, biodiversitet, vilthelse, nye helsetruslar og Éin helse.

Here is an English version of our press release.

Aktuelle lenker: 

Del artikkel