Eit av historens største klimaforskingsprosjekt i Noreg er i innspurten. Denne veka blir resultata lagt fram frå det sju år lange arbeidet.

 

GÅVE TIL PROSJEKTLEIAREN Marit Reigstad (i midten) frå UiT Norges arktiske universitet har leidd Arven etter Nansen-prosjektet siden oppstarten. I dag vart ho takka av samarbeidspartnarane, her ved direktør Camilla Brekke frå Norsk Polarinstitutt (t.v) og UiT-rektor Dag Rune Olsen. I gåve fekk Reigstad eit bilete frå eit av dei første tokta i prosjektet. Foto: Pål Jacobsen / Norsk Polarinstitutt 

Polhavets fortid og framtid blir denne veka drøfta under ein stor avslutningskonferanse i Tromsø for prosjektet Arven etter Nansen. I snart sju år har forskarar frå ti norske institusjonar samla inn data om klima- og økosystemforandringane i det nordlege Barentshavet i regi av prosjektet.

Under konferansen blir nokre av resultata frå prosjektet lagt fram når om lag 250 forskarar, teknikarar, forskingsleiarar og andre involverte møtest, i tillegg til klimaforskarar frå ei rekkje andre land som er komme til Ishavsbyen denne veka. Saman skal dei oppdatera kvarandre på resultat og dela kunnskap frå Polhavet. 

VINTERTOKT Ein forskar sjekkar instrument i teltet på havisen under Arven etter Nansen vintertokt i 2022. Olaf Schneider / Norsk Polarinstitutt

Ny kunnskap

Direktør Camilla Brekke frå Norsk Polarinstitutt deltar på delar av konferansen. Ho beskriv Arven etter Nansen som viktig av fleire grunnar.  

– Dette er første gongen Noreg har hatt eit så stort og felles forskingsprosjekt innan naturvitskap og teknologi med søkjelys på det nordlege Barentshavet. Mange yngre polarforskarar er utdanna gjennom prosjektet, som og har vore ein tydeleg markør for norsk polarforsking.

Kvifor er havet i Arktis viktige å gjera forsking i?

– Arktis er i endring, og Polhavet går truleg frå å vera kvitt til eit blått hav om sommaren om nokre år. Då er det viktig å vera i forkant når det gjeld forvaltningsretta forsking og miljøovervaking, slik at verda kan vera førebudd på dei endringane me står ovanfor. Det som skjer i Arktis har global betydning, seier Brekke.

NORDLEGE BARENTSHAVET  Arven etter Nansen toktet hausten 2019 med FF Kronprins Haakon gjekk til det nordlege Barentshavet, for å mellom anna henta opp og setja ut instrumentriggar. Nokre riggar vart sett ut hausten 2018, dei hadde samla inn ulike havdata gjennom ein heilårssyklus. Foto: Hege Holen Paulsrud

Til uutforska hav

Arven etter Nansen vart etablert for å auka kunnskap om dei komplekse klima- og økosystemprosessane som skjer i det nordlege Barentshavet, og for å danna ei betre forvalting av heile Polhavet.

Forskingsskipet «Kronprins Haakon» blei eit viktig verktøy. Det isgåande fartøyet gjorde det mogleg å gå nord i Barentshavet og inn i isen, og undersøkja meir uutforskede havområde. Frå land vart det jobba med eksperiment, analysar av data frå satellittar eller undervassrobotar, og det er nytta verktøy som mogleggjer prognosar om framtidas Polhav.

POLHAVET VENTAR Hausten 2021 drog 35 forskarar og teknikarar på Arven etter Nansen-tokt med FF Kronprins Haakon til det nordlege Polhavet (Gakkelryggen og Amundsenbassenget), så langt nord hadde isbrytaren aldri tidlegare vore. Foto: Elin Vinje Jenssen / Norsk Polarinstitutt

Nansen: Polhavet er djupt

Prosjektet fekk namnet etter vitskapsmann og polfarar Fridtjof Nansen, som leia «Fram»ekspedisjonen (1893–96) til Polhavet.

Nansen kom heim med heilt ny forståing av Arktis. Før ferda visste vitskapen meir om månen enn om det sentrale Polhavet. Ein trudde havet rundt Nordpolen var grunt, men Nansen fann til si overrasking ut at Polhavet var enormt djupt – og fekk målingar ned til 3850 meter, fortel polarhistorikar Harald Dag Jølle ved Norsk Polarinstitutt.

Svarthvitt bilde av menn på isen som drar opp en line fra et hull i isen

FRAM-EKSPEDISJONEN Lodding av vassdjupn på 3850 meter under Fram-ekspedisjonen. Nansen rekna med at det var grunne farvatn i nærleiken av Nordpolen, men det viste seg at havet var så djupt at dei ikkje hadde nok line ombord. Derfor måtte dei splitta opp stålwire, spleisa saman og forlengja loddlina med det dei hadde av hampetau. Foto: Nasjonalbiblioteket

Ferda gav heilt ny kunnskap om korleis Polhavet inngjekk i systemet av havstraumane på den nordlege halvkula, og arbeidet i kjølvatnet av ekspedisjonen vart viktig for moderne klimaforsking.

Jølle skriv om oppdaginga i Polhavet i Nansen-biografien (1) frå side 183:

«21. desember, på årets mørkeste dag, faktisk det mørkeste døgnet noen mennesker noen gang hadde opplevd, slapp de ned loddlina. Den sank og sank – og sank og sank. De skjøtet sammen alt hva som fantes av liner om bord, og etter utrolige 2100 meter måtte de gi seg – uten å ha nådd bunnen. Nansen forsto det ikke. Ingen hadde forutsett dette dype havet. Ingen. Hvilken oppdagelse hadde de gjort?».

NANSEN-BIOGRAF Polarhistorikar Harald Dag Jølle frå Norsk Polarinstitutt. Foto: Mali Alette Hansen / Norsk Polarinstitutt

Brennande aktuelt

Over hundre år etter Nansens forsking lèt havforskarar seg framleis fascinera av isdrifta og vassutvekslinga i Polhavet. Varmt, salt vatn inn og kaldt, mindre salt vatn ut.

Eksporten av havis via Framstredet, havområdet mellom Svalbard og Grønland som er oppkalla etter skipet «Fram», utgjer så mykje som 90 prosent av den totale mengda havis som forlèt Polhavet.

Sidan Nansens tid har havisen i Polhavet krympa i både utbreiing og tjukkleik. Litt lengre sør for det stadig meir isfrie vatnet ligg Noregs viktigaste område for fiskeri. Det hastar med å få ny kunnskap frå dette livsgivande havområdet, som er husar fleire hundre artar. 

Avslutningskonferansen tek for seg brennande aktuelle tema.  

– Det er viktig at havforskarar som studerar ulike delar av Polhavet møtest for å dela kunnskap i ei tid der klimaendringane i Arktis er fire gonger større enn det globale gjennomsnittet, seier prosjektleiar Marit Reigstad frå UiT Noregs arktiske universitet.

Til vanleg er ho professor i marin økologi ved UiT.

ARKTISK KULDE Tverrfagleg forsking i arktisk kulde lå til grunn under Arven etter Nansens vintertokt i 2021 med FF Kronprins Haakon. Målet var å studera vinterprosessar i det nordlege Barentshavet og tilgrensande del av Polhavet. Foto: Sebastian Gerland / Norsk Polarinstitutt

Ut til folket med kunnskapen

Marit Reigstad fortel at kunnskapen som blir munna ut frå prosjektet skal gjerast relevant for flest mogleg interesserte. Arven etter Nansen lanserar denne veke mellom anna faktaark om sentrale tema som samanfattar funn og kunnskapsstatus. I tillegg set ein paneldebatt søkjelys på korleis sikre at kunnskap om klimaendringane i Polhavet blir brukt slik at menneska i Arktis kan tilpassa seg desse. Korleis ressursar og aktivitetar i dette havet kan forvaltast betre, skal også debatterast. Det blir og ei biletutstilling om forskinga.

Siden starten av prosjektet for syv år sidan, er tokt og resultat formidla ut til storsamfunnet, mellom anna med ei eiga spalte i nettstaden forskning.no, der forskarar i prosjektet har blogga.   

Sjå oversikt over alle publikasjonane og resultata så langt i prosjektet.

I PROSJEKTLEIINGA – Ny forsking er levert og forskarar som er tidleg i karrieren har vore aktivt med i prosjektet, seier hvisforskar Sebastian Gerland frå Norsk Polarinstitutt. Han har vore med i leiinga av prosjektet sidan starten. Foto: Nick Cobbing / Norsk Polarinstitutt

Klimasvar i fleire tusen år gammal gjørme

Norsk Polarinstitutt har vore tungt inne i Arven etter Nansen heilt frå starten, med forskarar frå ulike forskings- og vitskapelege disiplinar, samt ansatte frå logistikk og formidling. Tilsette har delteke i fleire av dei over 20 tokta i prosjektet, dei fleste med FF Kronprins Haakon.

Havisforskar Sebastian Gerland ved Norsk Polarinstitutt har vore med i leiinga, saman med Tor Eldevik frå Universitetet i Bergen og hovudprosjektleiar Marit Reigstad. Han har også jobba vitskapleg med havisfysikk, publisert artiklar og mellom anna vore toktleiar.

Det har vore spennande å jobba i prosjektet, å få vera ein del av dette viktige arbeidet om Polhavet. Ny forsking er levert, forskarar som er tidleg i karrieren har vore aktivt med i prosjektet, og ikkje minst har FF Kronprins Haakon fått vist kor godt det eignar seg i isdekket farvatn, seier Gerland.

Gerland er med å arrangera avslutningskonferansen, der bidreg han mellom anna med presentasjonar av vitskapleg arbeid og panelsamtale.

I mylderet av publikasjonar som forskarane har gitt ut i regi av Arven etter Nansen viser Gerland mellom anna til forsking om kor viktig Atlanterhavsvann og havis er for havtilstanden i det nordlege Barentshavet, korleis fleire tusen år gammal gjørme frå havbunnen styrkjer konklusjonane i klimarapportane om at menneskeskapt oppvarming påverkar smelting av havisen i Arktis. Han viser og til ein oversiktsartikkel om Barentshavet der ei rekkje forskarar frå polarinstituttet deltok.

FORTIDSKLIMA I den gråbrune gjørma frå havbotnen finst restar etter fordoms algar og plankton. Desse små organismane har forskarane i Arven etter Nansen undersøkt. Foto: Katrine Husum / Norsk Polarinstitutt

Ny storsatsing om framtidas Polhav

Arven etter Nansen-prosjektet er snart ved sin ende, men forskinga frå prosjektet skal førast vidare inn i anna arbeid, fortel direktør Camilla Brekke.

– Ein ny stor satsing med namnet Framtidens Polhav, med startskot i 2025, er i planlegginga. Dette er ikkje ei vidareføring av Arven etter Nansen, men eit nytt forskingsprosjekt med fokus på Polhavet. Denne gongen er det heile 17 norske institusjonar som står bak, og satsinga vil omfatta fagområde som naturvitskap, teknologi, geopolitikk og havrett.

BIOLOGAR I ARBEID Innhaldet i ein trål blir undersøkt under tokt i Polhavet i 2022.  Forskarane undersøkte alt frå bakteriar og algar til andre dyr og organismar som lever på botnen av Barentshavet. Målet var mellom anna å studera den veldig bratte botnskråninga frå Barentshavet inn til det djupe polhavsbassenget og finne ut korleis livet på botnen er påverka av atlantisk og arktisk vatn. Foto: Olaf Schneider / Norsk Polarinstitutt